words per minute

15

Typist_1078449


00:00

Speed

Du har ikkje blitt valdtatt ser eg, men ikkje kom til media for sukke når det skjer. Fy faen så dum i hovudet ho er. Akkurat som vennene hennar på Utøya. Slike kommentarar har eg fått etter ha skrive innlegg i ulike aviser. Netthetsarane vel enkle mål Netthets er eit stort problem i Noreg i dag. Det er faktisk blitt ein trussel mot demokratiet vårt. Netthets gjer folk redde, og det kan i nokre tilfelle føre til at ein må gå med valdsalarm. I tillegg til dei urettferdige påverknadene det kan ha på enkeltpersonar, har netthets også store konsekvensar for fellesskapen. Netthets fører til at folk lar vere ytre seg. Særleg minoritetar og kvinner, som ofte er enkle mål for netthetsarane. Farlege konsekvensar Eit samfunn der stemmer blir utestengde, er ikkje eit demokratisk samfunn. For kva skjer viss det berre er majoriteten som skal bli høyrt, mens det blir sett munnkorg på minoritetane? Kva skjer når statsministeren må stenge Facebook-sida si på grunn av netthets? Kva skjer når kvinner ikkje orkar ytre seg fordi dei konstant blir møtte med «valdtektskommentarar»? Jente som er lei seg. Sitattegn. Ytringsfridommen blir innskrenka, og konsekvensane er store og farlege. Mange seier at dette må ein tole, dette må ein forvente når ein ytrar seg i media. Ein skal måtte forvente at ein blir beden om gå og døy, og at ein burde bli valdtatt. Er det eit slikt Noreg vi vil ha? Mitt svar er nei. Korleis takle netthets Så korleis skal vi takle det? Korleis skal vi møte menneska som sit bak skjermane sine og slenger ut hat mot andre personar? Først og fremst meiner eg at vi må svare netthetsarane. Vi må seie ifrå at dette ikkje er greitt. Nummer éin: Vurder kommentarane du får. Kvifor skal eg bry meg om desse kommentarane som ikkje har noko konstruktivt innhald? Kva baserer kommentaren seg eigentleg på? Er han faktabasert? Er han konstruktiv? Nei, som regel ikkje. Nummer to: Hugs at di stemme er viktig. Viss ikkje du skriv det du vil seie, kven skal seie det då? Det du skriv om, di sak, er viktigare enn dei stygge kommentarane du får. Til slutt: Hugs at det du skriv om, kan hjelpe andre. Om du så skriv om psykisk helse, kvinnekamp eller innvandring, sit det nokon heime og tenker «wow, endeleg nokon som tenker det same som meg, eg er ikkje aleine!». Nokon andre kan sitte og tenke «så fint at nokon forstår meg, fint at nokon ser mi sak».
words per minute
0
wpm
accuracy
0%
Text Practice - Time 723 - English

words per minute